top of page

Velkommen

..til starten på reisa mot tryggare og ryddigare nettsurfing

Er du klar for å ta meir kontroll over dine data, og surfe nettet med mindre, eller så godt som ingen reklame og sporing av din aktivitet på nettsider du besøker (som kan bli solgt til 3.part)?

Dersom svaret er ja, så er denne tenesten moglegvis for deg. Bla vidare ned for å lese meir, eller trykk på menyen oppe i høgre hjørne, logg inn og så registrer deg for å melde deg på venteliste for å teste MyDNSFilter (avgrensa med plasser):

DNS-over-HTTPS-886x590.jpg

Kva er MyDNSFilter?

Din eining (pc/mobil/mac) er kobla mot ein dns-server, enten du besøker denne sida ved bruk av ein søkemotor og så trykte på linken eller ved at du skreiv inn adressa direkte i nettelsar url-feltet. Har du ikkje valgt ein DNS-server aktivt, er det vanlegvis ein server hos nettleverandøren din (som Telenor, Ice.net osv).

MyDnsFilter er ein teneste som lar deg koble deg mot ein DNS-server hos MyDNSFilter med div filtrering av innhald, som reklame, sporing og phising-sider. Det vil seie at dersom du besøker eksempel.no gjennom MyDNSFilter sine DNS-Server/filter, og det er vanlegvis mykje reklame på sida (og trackers/sporingar, som ser kva du gjer på sida og sendar dette tilbake til nettsida eller 3.part som kjøper denne dataen), vil MyDNSFilter filtrere bort dette før det når din eining.

Kva er DNS?

DNS står for Domain Name System, og er det systemet/den tenesten som gjer det mogleg å surfe nettet ved hjelp av namn, som google.com i staden for å vite kva ip-adressa til serveren (ein av serverene som google.com nettsiden blir vist frå). Det blir litt som vegadresser; viss du for eksempel skal dra til eit kjøpesenter og ikkje kan vegen, søker du opp namnet på senteret med ein kartteneste og får då opp adressa dit.

På internett har domenenamn som mydnsfilter.no ein tilhøyrande adresse (ip-adresse) som nettlesaren trenger å vite for å besøke den sida. Når du skriver inn mydnsfilter.no, vil den førespurnaden fyrst gå til ein DNS-server ("kartteneste"). Viss den serveren har den tiløhyrande ip-adressa ("vegadresse"), vil den sende den tilbake til nettlesaren din (viss serveren ikkje har adressa, vil den spørje ein anna server osv). Så vil nettlesaren din kontakte den adressa, og nettsida ("kjøpesenteret") vil bli lasta inn.

Diagram/illustrasjon

bottom of page