top of page
Image by Laurin Steffens

FAQ/Ofte stilte spørsmål

Kan MyDNSFilter blokkere alt av reklame, på alle plattformer?

Ved bruk av DNS/filter blir det meste av reklame blokkert. Det er nokon unntak: F.eks videoreklame på youtube.com blir ikkje blokkert/fjerna, sidan dei kjem frå samme addresse/server som videoen sjølv (då treng ein utviding/extension til nettlesaren).

Er det sikrare å surfe på nett med MyDNSFilter?

Når du brukar/koblar deg opp mot MyDNSFilter sine serverer for å besøke nettsider, vil kjente sider som er ondsinna og sporarar/trackers bli blokkert av filteret. Slik at du ikkje vil kunne besøke desse (ved eit uhell). Førespurnadane dine (DNS-førespurnad, kva ip-adresse har google.com f.eks) vil være kryptert/beskytta, slik at ikkje nettleverandøren din (som Telenor) kan vite kva nettsider du besøker. Så det vil bli sikrare å surfe på nettet ved bruk av MyDNSFilter.

Din ip-adresse og tilknytta surfehistorikk blir heller ikkje logga/tatt vare på hos oss.

Kva er forskjellen på DNS og VPN?

Du blir tryggare på nettet ved bruk av MyDNSFilter, som det også seiast du blir ved bruk av VPN. Forskjellen er at brukar du ein VPN, vil all internettrafikken og alt du gjer på nettet/nettsider gå gjennom VPN-tenesten sine serverer.

 

Medan ved å koble deg opp mot/bruke DNS-tenesten til MyDNSFilter vil kun nettsidenamnet du ynskjer å besøke gå gjennom serveren, altså f.eks google.com. Men kva du søker på vil ikkje gå gjennom MyDNSFilter, den trafikken går som vanleg rett til google sine serverer. Det vil seie at MyDNSFilter ikkje kan vite kva du søker etter (som ein VPN-teneste i teorien kan). Sjølv om førespurnad om kva side du vil besøke går til MyDNSFilter, vært det ikkje ført nokon logg over dette. I motsetning til om du sender førespurnadar rett til nettleverandør (f.eks Telenor). Der er sjansen stor for at dette loggførast.

bottom of page